Privat
Nokon å snakke med om det som er vanskeleg i livet ditt.
Eg tilbyr eit trygt og respektfullt rom for å snakke ærleg om livet.
Om tungsinn og frykt, om tru og tvil, sjølvbilde, knuste draumar, sorg og skam.
Eg vil lytte til di historie, dine tankar og følelsar, hjelpe deg å bli bevisst eigne styrker og stresstriggarar, og saman med deg finne løysingar for vegen vidare.
Tenester til privatmarkedet
Samtaleterapi
Er livet eit ork?
Slit du med tunge tankar, dårleg sjølvbilde, vanskeleg livssituasjon, sorg eller skam? Har du og ein av dine kjære slutta å snakke saman, eller det mykje krangling? Treng du hjelp til å forstå korleis du kan finne ut av livet og relasjonane rundt deg?
Eg tilbyr samtalar til; enkelpersonar og par
Og vil hjelpe med å finne ein god veg vidare gjennom å lytte, sortere og finne verktøy for å oppleve positiv samhandling, meistring, glede og auka sjølvrespekt, og finne utviklingspotensial og styrke der det no er vanskeleg.
Styrkebasert kartlegging
Står du i val eller endring, ønskjer du betre sjølvinnsikt, bli meir bevisst kva som er dine styrker og motivasjonsfaktorar?
Med styrkebasert kartlegging får du:
- Digital kartlegging med InFlow24
- 90 min individuell samtale
- Innsikt i din interesse- og personlighetsprofil, styrker, verdiar og motivasjon
- Støtte til å sjå korleis du kan utvikle deg vidare – i jobb og privat
Passar for deg som:
- Vil finne retning og motivasjon
- Ønsker å ta gode val i jobb og privatliv
- Vil bruke kompetansen og styrken din meir bevisst
- Ønsker å bli betre kjend med deg sjølv
-