Eg heiter Sigrun, er gift med Oddgeir og mor
til tre vaksne gutar.
Gjennom åra har eg utdanna meg til sjukepleiar med
vidareutdanning innan psykisk helsearbeid, relasjonsterapi,
organisasjon, leiing og samhandling.
Like mykje som den formelle kompetansen min, har det personlege livet
gitt meg verdifull læring og erfaring gjennom eige stress og helseutfordringar. Erfaringa mi er at det går an å få det betre, at det kan være lurt å be om hjelp, og at det er stort mot i å våge å være sårbar. Dette har gjort meg særleg opptatt av å sjå, høyre, anerkjenne og hjelpe menneske der dei er.
Eg har etterkvart over 20 års erfaring gjennom arbeid med menneske i sårbare fasar i livet, og brenn for at dei skal bli lytta til, finne sine ressursar
og oppleve meistring. Og her erfarer eg at arbeidslivet har eit undervurdert potensiale i å utruste, løfte og utdanne menneske, ikkje berre i faget sitt,
men for å kunne meistre livet betre.
Mitt ønske er å hjelpe deg til å finne dine styrker og utviklingspotensiale,
slik at du kan erfare ein kvardag med overskot og livsglede, enten du er arbeidstakar, arbeidsgivar eller utanfor arbeidslivet.
Eg har tru på deg og vil gjerne være din samtalepartnar og medvandrar.